Valkamp

Share

I kveld var det valsending i Valle Radio. Eg høyrde ei stund på sendinga, men så fall ho ut og då fekk eg ikkje kontakt etterpå.

I staden tenkte eg at eg skulle gå litt vidare på prosjektet om å Skrive om dei som står på listene til valet i 2019. Det er mange røde lenker der, så ein kan vere oppteken med det framover mot valet og knapt halde på med anna om det skal bli blå lenker på alle. Slike ambisjonar har eg ikkje, men om eg kan klare nokre, er det fint.

Dermed vart det tre nye artiklar om lokalpolitikarar i Bygland i kveld, og no er AP-lista i Bygland 2019 kokmplett.

AP-lista i Bygland 2019 hadde 10 namn:

  1. Sigbjørn Åge Fossdal (f. 1955))
  2. May Brit Stenjor (f. 1953)
  3. Kim Andre Nomeland Thorstensen (f.1992)
  4. Annette Larsson (f. 1970)
  5. Bjørn Helge Lund (f. 1963)
  6. Karin Omdal Vestøl (f. 1957)
  7. Arne Larsson (f. 1965)
  8. Irene Moe (f. 1974)
  9. Vidar Toreid (f. 1947)
  10. Åse Heistein (f. 1944)
  11. Jan Terje Skjeggedal (f. 1956)

Elles var eg i dag ein tur til Kristiansand og innom i Gjenbruksbutikken på Lumber. Der låg ei bok eg ville ha like etter at eg kom inn, og tre menn sat i sofaen og såg på kundene.

-Der gjekk den første boka i dag, sa den eine.

Det verka ikkje som om dei ville kjøpe bøker sjølv, men var lukkelege over at det var kunder til bøkene. Eg fann ei bok til og Reidun fann ein strikkepinne, rundpinne, så vi var begge vel nøgde då vi sette kursen heimover.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *