Kommunevalg

Share

Så var valgkampen over og i dag gjekk vi til valg. Vi tok turen til Ime skole tidlig på dagen og det var helst vanskeleg å finne parkeringsplass, for det var jo ikkje skolefridag, så det var mange bilar til lærarane der. Nå skulle det også vere plass til veljarane som kom innom. Men vi fann ein parkeringsplass og kom oss inn i valglokalet før regnet kom.

Så var det bare å gå til avlukket og finne listene som vi skulle bruke. I dette tilfellet var det lister til kommunevalg og fylkestingsvalg. Eg valde å sette kryss ved fire kandidatar på kommunevalglista og eit par på fylkestingslista. Så gjekk turen til stemmeurna. Der leverte eg valgkort slik at dei lett skulle finne meg. identifikasjon med førarkort måtte også til, og så vart listene mine stempla og eg kunne legge dei i urna. Dermed var det gjort.

I naborommet var det Kirkevalg. Der sat kjentfolk, så eg slapp å identifisere meg. Men der var det fleire lister å velje gjennom. I tillegg til Mandal sokn var det liste for Holum sokn. Og så var det tre lister til bispedømmerådsvalget. Der brukte eg Nominasjonskomiteens liste. Også der kryssa eg av nokre som eg ville framheve før eg gjekk til urna og vart registrert og slapp to lister i urna.

Eg synest at Holum sokn skulle vore saman med Mandal sokn og det sa eg til ein rettleiar der i rommet. Men han var ikkje enig med meg og meinte det var godt for Holum sokn å ha si eiga liste. Ved nærare ettertanke er det klart at når soknet kan stable på beina mange nok folk til å lage ei liste, er det godt for engasjementet og kyrkjedemokratiet at dei vil stå på eigne bein.

Etter å ha gjort mi borgarplikt var det bare å karre seg heimover. Det hadde framleis ikkje begynt å regne, men ikkje lenge etter at vi var heime, hølja det ned, og det gjorde det i grunnen resten av dagen.

Så kunne ein lene seg tilbake og vere nøgd med å ha gjort si borgarplikt også dette året. Og sjå fram til å fylgje valgsendinga på TV og nett i kveld.