Brannvesen

Share

-I Setesdal er det eit brannvesen ein kan vere stolt av. Det sa den nytilsette brannsjefen i Valle Radio i kveld. Mikael S. Kristiansen kom frå Elverum til Evje for bare eit par månader sidan og var imponert over det han møtte i sitt langstrakte distrikt.

Sjølv hadde han utdanning frå Forsvaret, mellom anna Krigsskolen, men han visste heilt frå han var med i brannvesenet som ungdom at det var eit slikt arbeid som skulle vere framtida hans.

Og brannvesenet i Setesdal har bare seks tilsette, inkludert feiarane. Dei driv med branntilsyn og førebyggjande arbeid, og feiarane har fått mykje ekstra å gjere etter at også fritidsbustader vart lagde inn i deira oppdrag. Men til saman er dei over 80 mannskap, så det er mange frivillige som bare har løn når dei har vakt og elles når dei må rykkje ut. Dei er godt skolerte, dei øver om lag ein gong kvar månad og på grunn av organiseringa kan dei rykke ut og vere framme når det er brann eller ulukker svært raskt. Dei har basane sine på åtte brannstasjonar frå Iveland til Hovden. Der har dei materiell i ypperste klasse og er klare til å rykke ut umiddelbart.

Laurdag 21. september er det open dag på brannstasjonane i Setesdal. Då kan folk kome og sjå korleis det er der, og barn likar godt å sitje på i brannbilen. I Setesdal Brannvesen IKS, det er jo eit interkommunalt selskap, har dei fått fine brannstasjonar som legg til rette for at ein kan ta HMS på alvor, slik at ein går frå skitten til rein sone utan å dra med seg. Folk bytter klede og utstyr og kan dusje og stelle seg etter endt oppdrag.

Det var ein informativ samtale Siri Johannesen hadde med brannsjefen. Av og til er det så ein skulle ønske at ein tok opp slike gode program for å kunne høyre dei om att når ein skal skrive blogg. No må eg jo bare stole på hukommelsen, ikkje eingong notatar kom eg på å skrive ned. Det skulle eg absolutt ha gjort for å yte programmet rettferd.

Men her ser du litt av utstyret dei disponerer på Evje.

Image

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *