Fårikål

Share

Vi må ete meir sauekjøt. Eller lammekotelettar. I avisa i dag var det ein artikkel frå NTB om at Nortura ikkje fekk seld unna alt lammekjøtet frå i fjor, og no er det nytt kjøt som kjem på marknaden.

Då slaktesesongen starta i år, var det 600 tonn kjøt på lager, tre gonger så mykje som i fjor. Så bransjen ber oss om å ha nokre middagar med lammekjøt, om det er frå i år eller fryst frå i fjor, det er av like god kvalitet, for industriell innfrysing er noko anna enn det som skjer i fryseboksen heime. Industrien frys ned kjøtet ved minus 30 grader, det klarer ikkje fryseboksen heime.

Sauebøndene gjer ein stor jobb med å halde ope kulturlandskap når dei let sauene gå på beite på plassar som elles ville grodd til. Og opne kulturlandskap kjem oss alle til gode, tilgrodde jorder er jo ikkje så mykje å samle på.

Her ved kysten er det vel ikkje så mange sauer. Men vi er heldige som har ein nabo som slår jordene våre, slik at dei ikkje gror til. I sommar var han endåtil ute med sag på traktorgrabben og rydda langs kantane slik at meir lys kunne sleppe inn,

Så får vi ta oss ein fårikålmiddag eller tre i næraste framtid og gjere vårt vesle for at dei mange tonna med sauekjøt kan minke. Det vesle to pensjonistar et, er vel ikkje all verda, men om alle tok eit tak, ville det truleg hjelpe.

Bilderesultat for fårikål

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *