Folkehøgskule

Share

I kveldens sending i Valle Radio fekk vi eit interessant møte med folkehøgskulen som no held til i bygningane eg kjente som Hylestad skule. Eg budde jo like ved skulen i mange år og gjekk ut og inn i dørene der, var til og med rektor der eitt år, så det var interessant å høyre om det som har skjedd.

Først snakka han lenge med Olav Hovet. Han er styreleiar og han nytta eit stort nettverk for å få skulen i gang og inn på Statsbudsjettet. Han skrytte av Kjell Ingolf Ropstad og Svein Harberg som hadde vore sterkt medverkandet til at skulen fekk godkjenning, først for 40 elevar, så for 70 og etter kvart heile 86 elevar om eg hugsar rett. I år hadde dei 61 elevar, og seinare i sendinga fekk vi vite at det bare var fire eller fem jenter.  Det er kanskje ikkje så unaturleg når det er motorsport i ulike former som har vore varemerket til skulen, det er nok fleire gutar enn jenter som driv med slikt.

No har dei også fått klatring som linjefag, og vi fekk høyra at dei klatra på alt mogleg. Olav mintest også då han gjekk på skulen og korleis han og Knut H. Nomeland hoppa på ski og der han klarte to hopp på eitt friminutt, men Knut klarte tre hopp. Det var flott å kunne svinge inn på rekka og spenne av seg skia når dei andre elevane stod oppstilte og venta på å få gå inn på skulen når friminuttet var slutt.

Etter det eg kunne skjøne var det gjort ein del ombygging på skulen i sommar etter at folkehøgskulen overtok. Dei måtte ha kjøkken, der laga Kristine Bjørgum Forde og dei andre på kjøkkenet mat til 250 personer den dagen intervjuet vart laga, for då var det Open Dag på skulen og alle i bygda kunne kome og få gratis middag. Elevane bur i brakkerigg, men planen er å få sett opp internatbygg til elevane med tida, men det vil kome på 40 millionar kroner, så dei må først ha finansieringa i orden, omregulering av området rundt skulen må også gjerast, no er området LNF og ikkje regulert til skuledrift når ein kjem litt bort frå sjølve anlegget slik det ligg i dag.

I mi tid var Randi Uppstad reinhaldar, og sanneleg var ho ikkje det framleis. Ho kytte veldig av elevane og av skulen, og elevane var med i reinhald og oppvask, det var ikkje bare motorsport dei heldt på med.

Folkehøgskulane har mange slags særmerke, men folkehøgskulen på Nomeland er dein einaste i sitt slag med motorsport. No vonar dei å få til ei linje med folkemusikk og har engasjert Sigrid Kjetilsdotter Jore som linjelærar. Om ho klarar å få nok elevar, har ho jobb neste år, viss ikkje må ho nok halde fram som freelance-musikar. Slik fungerer systemet, sa rektor Stig og Ørnulf måtte jo bekrefte det,

Bildet stod i Setesdølen.

Bilderesultat for hylestad skule

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *