Fylkesundersøking

Share

Eg var ein av dei utvalde til å svare på fylkesundersøkinga om levekår og helse. Det var mange spørsmål som måtte svarast på, og udersøkinga var konstruert slik at det var lett å svare feil. Til dømes er det lett å svare på ein skala frå 1.10 når spørsmålet er positivt, men når spørsmålet er negativt, må ein snu opp ned.

Til slutt i undersøkinga var det spørsmål om alkohol. Nå er jo eg ikkje særleg stor brukar av alkohol, for å seie det mildt.  Det var også fleire spørsmål om foreldres bruk av alkohol, om eg hadde sett dei krangle om alkohol, om eg hadde bedt dei slutte å drikke og slikt. For meg er slike spørsmål lette å svare på, fråhaldssak og kristenliv var to sider av same sak då eg vaks opp, tross alt ikkje så svært langt frå Asbjørn Kloster sin by.

Eg fekk også spørsmål om det var lett tilgang til kulturtilbod som bibliotek, svømmehall og anna. Hadde det bare stått svømmehall, ville eg ikkje kunne seie at eg var brukar av kulturtilbod. Men no stod det bibliotek, og den servicen eg får på Mandal bibliotek kan eg ikkje skryte nok av. Sist veke var eg også ein tur på biblioteket i Lyngdal, og der var det same opplevinga.

I dag var eg på Mandal bibliotek og fekk dei bøkene eg hadde skrive opp, dei spring og hentar bøkene for ein gammal mann opp og ned trappa til 2. etasje. Ei bok trudde eg at eg måtte bestille, for eg hadde ikkje sett den då eg søkte på Internettsida til biblioteket, men då eg var komen ut og var på veg til bilen, ropa ein bibliotekar meg inn att og sa at dei hadde den boka også, og så kom eg inn snarvegen og fekk den og kunne til og med gå ut same vegen. Snakkar om service.

Så var det nok ikkje alle svara som var pluss ti, men i det heile lever eg godt med dei tilboda som eg nyttar meg av.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *