Hurra!

Share

Valle Radio kjøper Radio Evje. Eg las saka i Setesdølen  nett no og tenkte: Det er fantastisk. Og så bare for ein hundrelapp.  Det er så flott at Valle Radio vil halde oppe tradisjonen med å ha lokalradio i heile Setesdal. Det burde vere grunnlag for noko slikt i regionsenteret.

Med Valle Radio si overtaking vil nok fokus endre seg litt, for Radio Evje hadde sterkt fokus på forkynning og var nok mindre journalistisk orientert. Eg meiner det eine ikkje utelukkar det andre, men skal ein lokalradio få fleire lyttarar, må den ha ein brei profil. Difor tenkjer eg at det vil bli meir fokus på å spegle hendingar i nedre Setesdal i sendingane i Radio Evje når dei startar opp att i regi av Valle Radio ut på hausten.

Ørnulf Hasla fortel til Setesdølen at dei først må gjennomføre ei oppgradering av studio. Og så vonar han å knytte til seg ei gruppe som kan stå for det som må til for å kunne halde oppe sendingane i framtida. Det er også viktig å kunne halde oppe sendarnettet sør i Setesdal, ikkje minst for å sikre at sendingane frå Valle Radio når ut til heile Setesdal. Og folk på Evje har jo vist stor interesse for påskesendingane, men også for andre samsendingar mellom dei to radioane, det har jo vore slik at det har vore fredagssendingar av og til i Valle Radio, og då har folk frå Evje vore ivrige til å delta på telefonen.  Under har Ole Birger Lien teke bilete av ein glad redaktør i Valle Radio.

Valle

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *