Kristian Kvart

Share

Dei siste vekene har eg lese ein trilogi av Erling Pedersen om Christian IV, danskekongen som var så glad i Norge at han gjorde over 20 reiser hit frå han vart konge i 1588 til han døydde i 1648. Bøkene Kongens makt, Kongens kvinner og Kongens ære er ganske historisk rette, men som roman er det jo eit diktverk.

Christian hadde 24 barn som han vedkjente seg, men romanen handlar om ei kvinne frå Finnmark som han møtte på si første Norgesreise og som han valdtok og om barnet hennar. Først på dødsleiet blir det forsoning og han vedkjenner seg også dette barnet. Det er blitt ein interessant trilogi og eg lærte mykje om historiske tilhøve som eg ikkje har tenkt på før.

Wikipedias artikkel fortel at kongen var glad i god mat og drikke. I eit avsnitt i boka dukkar til og med Setesdal opp i ein meny frå eit etegilde i Norge:

Så springer endelig dørene opp, og tjenerne kan komme til med matfatene. Det er bjørnestek fra Østerdalen og saltet uer fra Nordmøre. Det er speket lammelår fra Setesdalen og syltede vaktelegg fra Danmark. Griseøyne i aspik stirrer opp i intet, side om side med glaserte oksetestikler og helstekt kramsfugl. Rypene ligger fete og ferdige, ålekjøttet glinser, det er kandiserte frukter, tørkede sitroner, sukkertøy og flatbrød og smør så gyllent og kunstferdig formet at det knapt er å sette kniven i. (Kongens ære side 80)

Det er så ein vert mett bare av å lese dette avsnittet. Eg tvilar vel på om sjølv eit julebord på Sølvgarden kan oppvise maken til meny.

Bilderesultat for kongens merke

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *