Lafting

Share

I kveld kom eg over ein artikkel om lafting som tradisjon i Setesdal. Det er Sian O’Hara som har skrive den for Fri Fagbevegelse.

Her er noko av det som står i artikkelen:

HVA ER LAFT?

En type bærekonstruksjon som fra vikingtiden og fram til midten av 1800-tallet var den dominerende måten å bygge trehus på i Norge.

Lafteverket består av tømmerstokker som legges horisontalt og stables oppå hverandre.

Stokkene krysslegges så de ligger i samme nivå i to parallelle vegger, mens stokkene i de to mellomliggende veggene ligger en halv stokkhøyde høyere.

Det er tradisjonshandverk, og etter kvart er det mange som driv med det i Setesdal. Her er ein artikkel frå Setesdalswiki om eit av desse firmaene:

Rysstad Laftebygg er eit byggefirma med hovudkvarter på Rysstadmoen på Rysstad i Hylestad i Valle. Firmaet leverer lafta tømmerhytter og -hus, og har eige sagbruk. Omsetnaden dei siste åra har vore rundt 15 millionar kroner pr. år. Verksemda har 15 tilsette (2017). Eigar og dagleg leiar er Knut H. Rysstad.

Frå 2014 eig og driv verksemda også Valle Modellverkstad.

Gled deg over artikkelen, du også

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *