Medalje til slutt

Share

I dag var ein stor dag i Friidretts-VM. Før første gong skulle tre brør frå Sandnes i Rogaland, Norge springe 5000 meter. -Det er historisk, sa pappa Gjert før starten. Vi sat og håpa på medalje, men måtte sjå medaljane forsvinne og Jakob kome inn til ein femteplass som bestemann av dei tre brørne.

Eg likte det han sa etterpå: Eg må heim og trene meir, eg er ikkje god nok. Og det var jo sant, men så er han bare 19 år. Filip fekk problem med magen og sting og måtte bryte. Henrik fullførte, men godt bak dei beste.

Så var det etter kvart tid for 400 meter hekk. Der hadde jo Karsten Warholm gullmedalje i VM for to år sidan. Han hadde vunne alle løp han stilte opp i dette året, så ein kan jo godt snakke om forventingspress. Men trenaren var like blid, dette skal bli moro, sa han.

Og moro vart det. For sunnmøringen frå Ulsteinvik starta hardt og heldt fram endå hardare. Etter målgang sa han då han såg slutten av løpet i reprise at vi skulle ha visst kor stiv han var på slutten og kor mykje mjølkesyre han tykte han hadde, men han gav alt og det helt heilt inn.

Dermed vart det medalje til slutt, og det av edlaste sort. Vi gleder oss med alle som er med, det er stor idrett å få med seg ein haustkveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *