Oddvar Høgevoll

Share

Den pensjonerte songevangelisten Oddvar Høgevoll ligg ikkje på latsida sjølv om det no er Folketrygda som betalar lønna hans. Sundag 22. september er han igjen på Sølvgarden klokka 17 med sin country gospel musikk.

Eg fekk ei melding frå han der han lurte på om Setesdalswiki var ein like god plass å kunngjere ting som Setesdølen. Då måtte eg svare at det trudde eg neppe, for avisa hadde eit opplag i 2016 på om lag 4400 og dekkar vel Setesdal 100 prosent. Setesdalswiki har om lag 650 som er innom kvar dag. Kor mange av dei som slår opp på framsida for å sjå dei hendingane vi har registrert, er ikkje godt å seie.

Men sjølvsagt registrerte vi Oddvar Høgevoll si melding om at han skal til Sølvgarden sundag. Etter beste evne prøver vi å få med det som vi får melding om skal skje i tillegg til å skrive om folk og stader i Setesdal.

Oddvar Høgevoll er glad i Setesdal. Kvar sommar samlar han folk til sang- og musikkhelg på Ose. Han undrar seg over at det kjem fleire folk frå andre stader enn Setesdal til desse arrangementa. Men han held ut. Han er ikkje som ein vanleg emissær som reiser til bedehus, det gjer han sjølvsagt også. Men han gleder seg når han får høve til å presentere sangen og musikken sin i kafemiljø, anten det er i Setesdal eller på Lista.

Ta turen til Sølvgarden sundag. Kjøp deg middag og få med ein konsert på kjøpet. Det blir ei fin oppleving. Nedanfor ser du han under Reiårsfossen.

Oddvar Hogevoll.png

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *