Oppstart

Share

I kveld var det samling for medarbeidarane i Valle Radio før oppstart for hausten 2019. Eg fekk også invitasjon til å vere med, og er takksam for at eg ikkje er heilt ute av soga, sjølv om eg ikkje tek turen frå Mandal til Valle. I haust har eg og fått spørsmål om å vere programleiar, så eg er jo spent på å få sjå lista.

Det var ei glede å sjå bilete frå samlinga og sjå at det er mange som framleis er med i radiogjengen. At folk stiller opp og blir med i frivillig arbeid er viktig i samfunnet. På mange måtar er det frivillige arbeidet som limet i det sosiale livet i eit bygdesamfunn.

Radioen gir eit høve til å få ut god og aktuell informasjon om lokale saker, kan hende til og med betre enn lokalavisa klarer det, og i alle fall med ei anna vinkling og med lyd. Eg tenkjer at mange kosar seg i bilen når dei får inn Valle Radio, sjølv om DAB-innføringa og innkjøp av ny bil med mange DAB-kanalar nok har teke bort nokre lyttarar. I alle fall dei som ikkje orkar å finne ut korleis dei får inn FM.

Lukke til med oppstarten, alle gode radiofolk. Eit nytt semester står for døra og det vil alltid vere saker å rapportere om.

Bildet kan inneholde: 6 personer, personer smiler, folk som sitter, bord og innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *