Ordførarar

Share

I dag har eg prøvd å finne ut meir om ordførarane i Agder. Fædrelandsvennen hadde ein artikkel om dette torsdag, og den tok eg vare på. Det er 25 kommunar i Agder frå 2020, for det har vore nokre kommunesamanslåingar. Kristiansand, Songdalen og Søgne går saman, Mandal, Lindesnes og Marnardal går saman.

Fire parti har fått ordførarar, Arbeiderpartiet har 11, Høyre har fem, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti har fire kvar. Det er bare Kristiansand som ikkje har klart kven som blir ordførar, men etter det eg skjøner, blir det nok ein mann, og då blir det 7 kvinner og 18 menn.

Dei kommunane som er med i Setesdal regionråd har alle vald ordførarar frå Arbeiderpartiet. I Setesdølen var dei ei overskrift som sa noko om at dalen vart måla raud. I Bykle og Valle var det attval, men i Bygland, Evje og Hornnes og Åseral var det nye folk som vart valde til ordførarar: Sigbjørn Åge Fossdal, Svein Arne Haugen og Inger Lise Lund Stulien.

Etter dette valget har eg tenkt å lage ei liste på Setesdalswiki over alle ordførarane i Agder. Sjølv om Setesdalswiki har mest om dei indre bygder, tenkjer eg at vi også kan lage litt stoff som dekker heile det nye fylket når det høver slik.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *