Pianokonsert

Share

Kan hende skulle eg ha fylgt med på Norske Talenter og Kim, det gjorde nok svrt mange i kveld. Men eg vart fengsla av eit program på svensk TV 2 om Robert Schumanns pianokonsert med Israeli Philharmonic Orchestra, dirigert av Zubin Metha og med Khatia Buniatishvili ved pianoet.

Vi fekk sjå heile øvinga, korleis orkester, dirigent og pianist arbeidde saman for å kome fram til eit verk så fullt av liv og kontrastar. Det var svært fascinerande å sjå og å tenkje på korleis pianisten kunne heile verket utan ei einaste note og korleis ho fann fram til rett stad nå dirigenten ville ha noko om att.

Når eg ser eit slikt program, tenkjer eg på kor mykje øving som ligg bak. På wikipedia fann eg ut at ho starta med pianoundervisning hos mora då ho var tre år gammal, trur eg det var.

Det vart ein stor musikalsk kveld for meg.

File:Concert pianist Khatia Buniatishvili on the podium of Art on Ice 2014-2.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *