Plommer og epler

Share

-Det har knapt vore så mykje epler som i år så lenge eg kan hugse, sa Reidun, ho kom inn med nok ei bøtte. -Og plommer er det også nok av.

I dag kunne vi lese i avisa om ein plommebonde i Hardanger som hadde eit tonn med plommer som han ikkje fekk selje, markedet var metta.

Her er det i alle fall ikkje grunn til å gå på butikken etter plommer. Dei gode steinfruktene må etast forsiktig, for om ein legg i seg for mange, blir det å springe på do utan stans for min del i alle fall, så eg tek ei nå og ei då og vonar at det skal halde utan å gje alt for mykje fart i systemet.

Og så kan vi ha fruktgrøt av hausten si grøde. Det er visst ikkje så mange som lagar det lenger. men ei stor skål med grøt laga av epler og plommer og kan hende litt solbær, då kan ein nyte livet etter dagens middag.

Men vinden har jo vore kraftig denne helga, så epla heng ikkje på treet lenger. Det gir rådyra høve til å nyte epla på morgonkvisten før vi står opp. Men det får så vere, dei skal jo også leve. Og her lever dei godt.

cof

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *