Rasteplassar

Share

Rasteplassar er viktige stoppestader for sommartrafikken. Når ein er ute og kjører bil, treng både sjåfør og passasjer pause av og til. Her kjem rasteplassen inn som eit tiltak for trafikksikkerheit, ein kan kvile, kanskje ta seg ein høneblund og ein kan gå på do.

Dei som steller rasteplassane har nok av og til ein jobb som ikkje alltid er så fin. Ein ting er å stelle utearealet, slå graset og tømme søppelboksar og slikt. Men å vaske toaletta kan nok av og til vere meir illeluktande enn blomeangen i naturen rundt.

For vel 20 år sidan, sist på 1990-talet trur eg det var, leigde vi ut huset vårt til Nomeland Anlegg. Dei bygde rasteplassenpå E-39 ved Fasselandsvatnet på grensa mellom Mandal og Lindesnes kommune og trong husrom for nokre anleggsarbeidarar.

Mange gonger har eg kjørt forbi rasteplassen dei bygde, men denne veka stoppa eg og såg litt ekstra på det dei hadde gjort. Vegen vart lagd over ei lita bukt i vatnet, gamlevegen gjekk i ein sving rundt bukta. Dermed kunne dei få vatn og ei lita strand ved rasteplassen.

Nå på hausten er han nok mest tom, bare ein og annan som stikk innom for å nytte toalettet eller å raste ved eit av borda om dagen er fin nok. Men om sommaren er han nok mykje nytta.

Fil:Rastebord ved Fasselandsvannet.jpg

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *