Reiseglade pensjonistar

Share

I dag sette søster mi, Gunbjørg Sola og mannen Sigurd, seg  på flyet på Sola for å reise til Sør-Afrika. Der skal dei vere eit par veker. Før dei er komne heim, reiser min svoger Gaute Rasmussen til Tyrkia. Han skal vere saman med prestar i Rogaland på studietur og dra til byane som er nemnde i Johannes Åpenbaring. Sjølv om han er pensjonist får han vere med på turen. Når han er vel heime att, tek han med seg kona på ein tur til Sri Lanka.

Den tredje søster mi, Jorunn Moen og mannen Ole Thorvald Moen skal til Israel litt seinare i haust, men bror min Hermund er framleis i jobb, så han legg ikkje ut på lange turar.

Sjølv om eg er pensjonist og ikkje i jobb, gjer eg som bror min, eg held meg heime. Av og til tenkjer eg at 15 år med pendling mellom Valle og Mandal var meir enn nok reising. No vil eg vere heime.

Men det går jo an å reise utan å flytte seg fysisk. Det har eg gjort den siste veka. Eg var innom NLM Gjenbruk på Lumber onsdag og der fann eg ei bok, det var den første i ein trilogi. Handlinga går føre seg i USA og Spania, så i fantasien er eg på reise til begge sider av Atlanterhavet når eg les Senor Peregrino, La Peregrina og Los Peregrinos av Cecilia Samartin. No er eg ferdig med bøkene og kan hende klar for nye turar til andre fascinerande stader.

Her ser du Gunbjørg og Sigurd i Dubai på veg til Sør-Aftika i dag.

Bildet kan inneholde: 2 personer, personer smiler, briller, skjegg og innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *