Sauesnakk

Share

Sauer er all righte dyr, er eit sitat som mange hugsar. I kveld var det sauesnakk i Valle Radio då Karin Flatøy Svarstad fortalte om arrangementet som skal vere på Revsnes Hotell 10. oktober. Der møtest folk frå landa rundt Nordsjøen for å snakke om om nordatlantiske, gamle saueraser og ull. Den gamle norske spelsauen har tilpassa seg ulike situasjonar, etter det eg fekk med meg var det ein stad at sauen bare levde på tang og tare og ikkje tålte å ete gras.

Ein av grunnane til engasjementet var at Karin Flatøy Svarstad opplevde at ull vart brent i staden for å bli nytta som ressurs. Ull er ikkje bare ull, fibrane har ulik kvalitet og må nyttast på ulik vis. Dette vil bli belyst frå ulike vinklar.

Setesdal er kalla spelsaudalen og ein dag under konferansen blir det tur til sauebonde Tor Espen Helle og til Setesdalsmuseet.  Mange lokale skal også halde foredrag, Sven Reiersen er leiar i programkomiteen og Annemor Sundbø skal snakke om spelsau og samspill. Randi Myrum skal også ha eit innlegg, det handlar om strikking.

Det blir eit tettpakka program, endåtil sauehald på Grønland skal vere tema i ein av sesjonane. Konferansen har vore arrangert i fleire år, og Karin Flatøy Svarstad var overraska over kor stor interesse det har vore for arrangementet. Ho hadde tenkt at det for det meste ville kome folk frå landa som er i fokus, men det har meldt seg folk frå Australia, New Zeeland og Sør-Afrika, så det blir ein retteleg internasjonal konferanse.

Kan hende får Siri det til slik at Valle Radio kan sende stoff frå konferansen seinare i haust. Då blir det meir sauesnakk i radioen. Sauesjå blir det også i år i Valle, men utan sauer, frykten for skrantesjuke er stor. Då kan ein vel kanskje like gjerne kalle det marknadsdagar.

Bildet fann eg på Wikipedia: https://commons.wikimedia.org/wiki/File:Norway_sheep_portrait.jpg

File:Norway sheep portrait.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *