Stjernekamp

Share

Det går mot ny runde i Stjernekamp og i går hadde Ørnulf Hasla ein prat med Kim Rysstad om korleis han opplever å vere med i det populære TV-programmet.

Kim fortalde at han hadde veka fullbooka med øving, sceneprøvar og mykje anna som måtte gjerast før sending. Fredagen var dagen i veka der han kunne ha litt fri, men også då hadde han nokre radiointervju, .det er bare moro, sa han, akkurat som han tykte det var moro at Valle Radio hadde teke kontakt.

Det er ein fantastisk situasjon for meg nr det gjeld marknadsføring av meg som musikar,, meinte han. -Eg hadde aldri kunna betale for så god reklame nokon gong. Han fortalde også at han får mange spørsmål om oppdrag. Då Ørnulf ville booke han til arrangement direkte på lufta, var det imidlertid ikkje så lett: -Det må du snakke med managementet mitt om, sa han. Han var glad for å ha fått seg manager slik at han slapp å handtere så mange spørsmål sjølv og heller konsentrere seg om det som han skulle halde på med.

I dagens Setesdølen hadde Hallvard T. Bjørgum eit lesarbrev der han sterkt oppfordra folk til å stemme på Kim. Der minner han om at Kim for nokre år sidan vart utnemnd til Setesdalsambassadør av regionrådet og meinte at marknadsføringa av Setesdal i desse programma hadde vore framifrå. Han fortalde også at folk hadde vore samla i barne på Sylvgarden for å følgje sendingane og at han hadde høyrt om folk som hadde stemt fleire hundre gonger på Kim i løpet av ein kveld medan det var høve til å stemme. Han meinte at det burde folk halde fram med. Sjølv skulle han spele i Kirkwall på Orknøyane på laurdag, så denne gongen fekk han ikkje høve til å støtte sin sambygding når han skal framføre Håvar Heddi.

Relatert bilde

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *