Transfer

Share

I går hadde Siri med seg Grete Swahn i Valle Radio. Kunstnaren frå Bykle er kunstmalar og teiknar og leiar av Bykle og Valle kunstlag. Ho er også ein av 12 kunstnarar som stiller ut i Sæbyggjen no i september.

I programmet i radioen snakka dei om utstillinga og kunstnarane. På ein måte er det ei Riksveg 9-utstilling, for alle kunstnarane held til på strekninga mellom Kristiansand og Hovden. Det er ei salsutstilling, så folk kan få kjøpt seg eit kunstverk.

-Det er fine lokalar for kunstutstilling i Sæbyggjen og ettersom det er ope når biblioteket er ope, treng kunstlaget bare stille med vakter i helgene, så det gjer høvet til å ha ei slik utstilling veldig greitt.

Det er ein artikkel om utstillinga på Setesdalswiki. Den er kort, men den har lenker til alle kunstnarane, så der kan du sjå kven dei er og finne ein kort biografisk artikkel om dei:

Transfer var ei kunstutstilling i SæbyggjenValle, frå 7. september 2019 til 28. september 2019. Utstillinga var open i biblioteket sine opningstider, pluss laurdag klokka 11-15 og søndag kl. 12-15. Arrangør: Bykle og Valle kunstlag.

Utstillarar

Bildet kan inneholde: tekst

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *