TV-dag

Share

Denne veka har det vore snooker frå Shanghai og eg har prøvd å få med meg noko av det som har vore sendt på Eurosport. Du som les bloggen veit at eg synest det er flott å sjå Ronnie O’Sullivan når han spelar. Det går fort og det er nesten som han dansar rundt bordet. Til jul siste året fekk eg til og med ei engelsk bok om han.

Shanghai Masters er ei invitasjonsturnering med store pengepremiar. Vinnaren får 2 mill. kroner, og Sullivan vann årets turnering i ein spennande finale mot Sean Murphy. Dei heldt fylgje lenge, og Murphy leda det meste av kampen, som gjekk først til 11 vunne parti. Men på slutten drog Sullivan frå og vann.

Når det er snooker frå Kina må ein starte om morgonen. Dermed hadde eg høve til å sjå litt anna i kveld, og då vart det til at eg såg litt på fotballkampen mellom Molde og Tromsø i Molde. Spelarane kalla det vannpolo, og det var ein som gjorde svømmetak på banen. For eg trur vatnet stod fem cm over grasmatta nokre stader, så spelarane kunne vanskeleg sparke ballen langs bakken, for då stoppa den plutseleg i ein pytt. Og vi såg korleis dei fall og sklei bortover grasmatta. Det var helst komisk, sjølv om vindrossene kom med elingar som såg flyge bortover banen. Publikum samla seg under tak der det var råd. Men heimelaget vann 3-0, så då var jo dei nøgde.

Elles var det jo nifst å sjå korleis skred og flaum herjar på Vestlandet. Eg kunne ikkje anna enn å seie til Reidun at eg var glad vi bur der vi bur, her er det lite rasfare og sjølv om det er vått på Fidja, så rommar ho ganske mykje vatn før det eventuelt skulle kome til kjellaren vår.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *