Valgdebatt

Share

I kveld kom eg til å sjå på debatten som var på NRK om aktuelle saker før valget. Denne gongen var det bompengar som var i fokus. Det er jo ikkje så aktuelt for meg, for her eg bur er det ingen bommar om ein ikkje skal til Kristiansand eller lenger bort. Og det skal eg jo ikkje så ofte.

Men bompengar engasjerer mange, særleg i dei store byane. Der er det til og med kome eigne lister for å få bort bommane. Jon Georg Dale var klar på at han ikkje ville ha fleire bommar i område med lite kollektivtrafikk, der han kom frå var det buss bare kvar fredag.

Når grunnlaget for kollektivtrafikk er lite, blir det jo sjeldne bussruter. Her på Eskeland ville det vore nokså vanskeleg å basere seg på kollektivtrafikk, det er ikkje mange bussar i løpet av ein dag.

Sjølvsagt kunne ein jo ta drosje kombinert med buss om ein skulle dra nokon stad, men så er det jo fridomen med å ha bilen. Det gjer at vi brukar alt for mange pengar på eit kjøretøy som ikkje er i bruk så ofte. Då veit vi at vi kan ta ein tur når vi ønsker og ikkje stå på busshaldeplassen og vente.

Kven som vann debatten vil nok bli vurdert ulikt og vere avhengig av situasjonen som kvar og ein har.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *