Valle Radio hausten 2019

Share

For nokre dagar sidan fekk eg lista over onsdagssendingane i Valle Radio hausten 2019. Eg er sett opp tre gonger i haust og skal då ha sendingane frå Mandal. Etter det eg kan sjå er vi ikkje så mange som er ansvarlege programleiarar onsdagane: Siri, Ørnulf, Øyvind og meg. Men når vi plussar på alle som er med i ulike program deler av kveldane, blir det ganske mange likevel.

Teknikarar, telefonvakter, andaktshaldarar og ansvarlege for siste del av kvelden høyrer med i puslespelet. Kommunen informerer skal ha sine folk inn i oppsettet, men til slutt blir det ein stor sesongplan for alle oss som prøver å skape radioprogram i Valle Radio.

Ørnulf treng ikkje gjere noko for oppsettet for tysdagsprogramma, for dei ordnar Siri Johannessen med. Ho stiller også opp nokre onsdagar for å få heile kabalen til å gå opp.

Korleis det skal løysast med programma i Radio Evje veit eg ikkje noko om. Men også der skal det lagast eit oppsett som får det heile til å fungere.

Du kan sjå lista på Setesdalswiki. Og når du møter nokon av dei mange som stiller opp for å lage radio, er det flott om du gir tilbakemelding og fortel at du høyrer på progamma. Det er folk takksame for. Har du tips om saker som bør takast med, er det også fint, radioen har ein ide om å kunne spegle kulturlivet i heile Setesdal, vi sender jo til heile dalen.  Trykk på lenka, så kjem du til oversikta:

 Program hausten 2019

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *