Variert program

Share

Kveldens program i Valle Radio var variert. Etter ein variert sangkveld der vi også fekk høyre Rett Kurs, var det tid for ein samtale med Ingunn Røysland om arbeidet på Broderheimen i Oveinang. Ho gjer ein stor jobb der med Gutteklubben og med anna aktivitet for å kunne ta vare på huset, som vert nytta til møte og basarar og anna kristeleg verksemd. Interiør frå huset er til og med kome med på side 174 i den store bedehusboka som Erlend Berge laga.

Ingunn er også drivkraft saman med andre gode hjelparar i Allidrettsklubben som har månadlege kveldar i Vallehalli med idrett og andakt. Her har ho hjelp av mellom andre Torleif Harstad og Siri Melhus.  Dei samlar eit tjuetals ungdomar desse kveldane.

Etter innslaget med Ingunn var det tid for ein prat med kulturminnefondsdirektør Simen Bjørgen. Han ville gjerne ha søknader om støtte til å fikse kulturminner i Setesdal, og med kulturminner tenkte han ikkje først og fremst på freda bygningar, men på bygningar som kunne trenge litt hjelp for å bli tekne vare på. Bare private kunne søke på pengar frå Kulturminnefondet. I vår var Seteesdal Regionråd på tur til Røros, der hovudkontoret for Kulturminnefondet ligg. Det var ein inspirerande tur og no planlegg dei ei samling i Setesdal der folk kunne få møte kvarandre og få vite meir om ordninga. Eg hadde inntrykk av at ein i Setesdal hadde nytta seg lite av fondet, i fjor var det ein søknad.

Endeleg var så tid for Postludium. Etter eit lite Preludium om Johan Kvandal der Siri fortalde litt om han, kom Niklos i studio med musikk av hundreårsjubilanten, han ville vore 100 år sundag. For meg var det eit møte med ein komponist eg ikkje hadde særleg kjennskap til, men musikken vi fekk hyre var vakker. Mellom anna hadde han sett musikk til Reiår unge og Draumkvedet, men vi fekk også høyre konsert for orgel og fløyte.

 

Ein tanke om “Variert program”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *