Planlegging

Share

Eg tenkte at eg skulle vere litt tidleg i planlegginga av sendinga mi komande onsdag. Difor tok eg telefonar alt i går, fredag. Planen min var å ha ein prat med nyvalde ordførarar i kommunane og med komande fylkesordførar Arne Thomassen. Han svarte ja etter ein sjekk i kalenderen.

Den nye Byglandsordføraren var i utlandet og svarte nei, men Svein Arne Haugen som skal veljast til ordførar i Evje og Hornnes komande torsdag, svarte ja. Deretter tok eg ein telefon til Inger Lise Lund Stulien i Åseral. Ho er frå Valle og skal torsdag veljast til ordførar i Åseral. Også ho svarte ja etter at vi hadde snakka litt saman. Ho var litt usikker, for ho hadde ikkje vore i radio før, men etter kvart vart vi enige om at det var flott å starte i Valle Radio.

Til slutt tok eg ein telefon til Jon Rolf Næss i Bykle. Han er stiller alltid opp når han kan, og til onsdag kunne han også. Då kan vi snakke om både attval og utfordringar som Bykle har om kraftskatten vert endra.

Dermed var programmet for onsdagskvelden i boks og eg var glad for å ha det på plass så tidleg. Men så fekk eg vite at det skulle vere konstituering av Valle kommunestyre onsdagskvelden klokka 18, og då vart eg litt uroa, kan hende var planlegginga mi til fånyttes. Så eg måtte ta ein telefon til Ørnulf Hasla og høyre kva redaktøren meinte eg skulle gjere.

Men han hadde alt snakka med Steinar Kyrvestad og fått vite at møtet neppe kom til å vare meir enn ein time, eller kanskje litt lenger, så han meinte vi skulle bare satse på at vi kunne kjøre vanleg program etter at kommunestyremøtet var ferdig.

Så då blir det slik, og planlegginga var ikkje fånyttes.