Krysspress

Share

I kveld var det det ikkje lett å skrive om onsdagsprogrammet i Valle radio. Det var ikkje noko ivegen med programmet, Siri hadde ein interessant samtale med Torleif Homme, og han er alltid velinformert når han kjem i radioen. Denne gongen hadde han ikkje detaljkunnskap om sundagens innsamlingsaksjon, det vart han heller ikkje spurt om. Men mykje anna interessant hadde han på hjarta.

Deretter hadde Siri samtalar med folk som skal ha innslag i Kulturveka 2019, men då var eg alt hekta på TV-programmet som synte kor det elektriske og elektroniske avfallet vårt kan hamne. For det var ein skremmande reportasje om noko eg ikkje hadde peiling på før eg såg dette programmet.

Etter at det var slutt sa Reidun at vi kunne sikkert like godt kaste slikt avfall i ei hole i heia på eigedomen vår, då ville i alle fall ikkje nokon bli sjuke av å arbeide med det. Eg er nesten samd med henne når det gjeld vår eigen situasjon, men det hjelper ikkje så mykje for folk som bur i byar, i blokk eller kor det no er og ikkje har ein landbrukseigedom ein kunne grave ned avfallet i.

Vi er likevel heldige her, for i 1980-åra ein gong eksproprierte kommunen ein del av eigedomen til svigerfar for å lage avfallsplass. Vi har bare ein kort tur når vi skal levere elektronisk avfall, og så tenkjer vi ikkje meir på det. Men om det hamnar i Afrika, er det svært urovekkande.