80 år

Share

I kveld feira Evje og Hornnes bygdekvinnelag sitt 80-årsjubileum på Furuly. På førehand hadde Siri Johannessen laga eit intervju med Inger Juvastøl om laget. Der fekk vi vite litt både om historia og den planlagde festen der Inger Lise Stulien og Knut Kjetil Møen deltok med sang og musikk og der Reidun Karlsen hadde eit innslag med litt om nåke. 

Laget vart altså stifta i 1939 og fekk jo ein trong start i og med at krigen kom. Inga Åneland var den første leiaren og til møtet i kveld hadde dei klart å finne fram ein plakat frå 1939 som dei stilte ut.

I programmet var det også ein prolog av Inger Juvastøl, ein bildekavalkade og ei god matøkt. I gamle dagar hadde laget rømmegrøt når dei skulle ha fest, men å røre opp så mykje grøt var tungt arbeid for eldre folk, så det vart servert smørbrød og kake i staden. I tillegg til eigne medlemmer var medlemmer i bondelag,  skogeigarlag og bygdekvinnelag frå Byremo inviterte. Heile festen var gratis, denne gongen ville laget bruke pengar på seg sjølv og ikkje på gode formål elles.

Men tidlegare hadde dei arrangert bygdedagar og fått gode inntekter som var gitt til mellom anna kyrkjelege formål, til dømes rullestolrampe, brudestol og konfirmantkappar. Men også 4H og Røde Kors hadde fått hjelp, alt til bygdas beste.

Ein spesiell innsats hadde dei også gjort for å redde Evje-bunaden. Dei hadde funne restar av ein slik bunad på Lauvland gard. Sigrid Odde hadde vore primus motor for dette. Evje-bunaden er enklare enn Åmli-bunaden, men mykje lik, sjølv om den har mindre sylv.

I programmet gjekk det ut ei etterlysing etter gamle bilder, om folk skulle ha noko, så ville laget vere takksam for å få ta kopiar. Men etter det eg kunne skjøne var medlemene få og oppe i åra, så om det ikkje kom nye folk med i laget, ville det nok bli lagt ned.

Vona var at feiringa av 80 år skulle få nokon til å kome og kanskje ta opp tråden slik at laget kunne halde fram. Det får vi sjå seinare.

Furuly:

Furuly flerbrukshus

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *