Flax

Share

I kveld vart eg sitjande og sjå på tv, først om 630 tonn sauekjøt som ligg på fryselager og ikkje kjem ut i butikkane ein gong. Kan hende ville det skje noko framover, men det står att å sjå. Og bonden som fekk 19 øre kiloet for sauekjøt. Folk vil ha lam.

Deretter var det semifinale i fotball-cupen mellom Viking og Ranheim. Eg, som til og med har vore på gamle Viking stadion for å sjå ein kamp, vart fanga inn og kunne som gammal rogalending glede meg over at Viking vann 3-0.

Rett nok såg eg ikkje kampen heilt til endes, for plutseleg kom eg på at det var Valle Radio også i kveld. Då var sendinga komen langt ut i Open sending, men det var koseleg å høyre Ingebjørg Ellinor frå Vennesla, ho har visst flytta dit etter at ho pensjonerte seg, snakke med Jorunn og Kåre om laust og fast, ikkje minst om Kim sin Stjernekamp, som ho ikkje hadde reist inn for å vere til stades på, men likevel hadde gledd seg over.

Då neste rebus vart lagt ut, tok eg telefonen, og sanneleg kom eg gjennom. Eg fekk og rose Kim sin innsats, han var verkeleg god, men vi snakka også om andre ting, og eg fekk fortelje både om fotballkamp og sauekjøt. Rebusen var Hovdenrevyen då eg ringte inn, og eg måtte seie som sant var at eg ikkje hadde vore på den nokon gong. Men elles snakka vi om laust og fast, og då vinnarane vart trekte ut, fekk eg jammen Flax-lodd.

Så no gleder eg meg til å skrape dei når dei kjem i posten etter kvart.

Bilderesultat for flaxlodd

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *