Kim til finalen

Share

Sanneleg så kom Kim Rysstad til finalen. Det hadde han ikkje trudd sjølv etter uttrykket hans å dømme då han vart utpeika. Eg hadde nok trudd at han kom til å ryke ut, for Sondre, som rauk ut, var etter mi meining den beste av dei tre.

Av dette skjøner du nok at eg meinte Bilal var den svakaste av dei tre. Men Stjernekamp er publiumsengjsejment og for 3 kroner ringer folk inn og stemmer. Truleg hadde Bilal ikkje bare folk frå Finnmark som støtta han, men NRK fekk nok telefonstorm frå heile Nord-Norge.

Duetten som Kim song med Maria Arredondo var etter mi meining ein skikkeleg duett. Duett er jo når to syng saman, og særleg Sondre var litt meir solo gonger to, tenkte eg då eg såg programmet.

Men Kim og Maria song saman, og stemmene deira kledde kvarandre, så då vart det ein skikkeleg duett. Og dermed blir vi nøydde til å sjå finalen neste laurdag også. For no kan han gå heilt til topps, og det hadde vore noko.

Og nå er han klar for engasjement på musikalar og andre oppdrag. Vi fekk jo høyre om Ulrikke som hadde fått engasjement i musikal etter at ho deltok i Stjernekamp. Det kan nok Kim også få. Men det kan ikkje vere heilt enkelt å livnære seg av oppdrag som freelance musikar.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *