Kulturveka 2019

Share

I dag starta kulturveka i Valle 2019. I avisa tysdag var det stor annonse med programmet, det synte at basaren i Broderheimen i Oveinang var første arrangementet, seinare i kveld var det folkemusikkpub på Sølvgarden. På Setesdalswiki har eg laga små artiklar om utøvarane i dag.

Men i morgon kjem ein ny dag og då er det ikkje sikkert at eg får laga artiklar om alle, dette er ikkje alltid lett å finne slik informasjon. Eg likar å ha i det minste fødselsår når eg skriv ein artikkel der, og mange, eg trur det er flest kvinner, synest ikkje alltid at det treng stå på profilen deira på facebook eller andre stader. Før var det enklare, då var det ei side i Sverige som heitte bithday.se, der var også nordmenn med. Men nordmenn blei tekne bort frå den sida, noko som gjer at det nok er mange døde lenker på Setesdalswiki til den sida. Eg har neppe klart å fjerne alle.

Men kulturveka går sin gang også heile neste veke, med arrangement kvar dag. I Setesdølen var det omtale av dei fleste av desse , og hadde eg vore i Valle, hadde eg nok fått med meg nokre av dei. I staden vil eg i alle fall i morgon finne plass framom skjermen for å sjå korleis det går med Kim i Stjernekamp.

Elles fekk eg oppklaring på eitt av mysteria frå i går. Søster mi, Solvor på Varhaug hugsa godt at mor og far var i Bangladesh i jula 1989 og dei vart verande til litt ut på nyåret 1990 på besøk hos dotter, svigerson og barnebarn.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *