Kulturveka i fokus

Share

I kveldens sending i Valle Radio var naturleg nok Kulturveka 2019 i fokus. Men før Siri Johannessen kom så langt, hadde ho presentert eit kåseri av Asbjørn Kvalbein og ein andakt av Jon Råmuld Håversen, begge knytta til Misjonssambandet. Den organsiasjonen har satsa mykje på radio gjennom åra, ikkje minst Asbjørn Kvalbein har vore sterkt medverkande til det.

Etter sangtimen hadde ho så ein prat med Dag Rune Sameien om arrangementet Misjonskonferansen i Stavanger som skal vere 1. november og som har deltakarar frå mange land i verda. Denne dagen er arrangementa opne og folk kan kome og høyre. ;Men alt foregår på engelsk. Sidan er det meir lukka samtalar mellom kyrkjeleiarar nokre dagar før dei reiser heim att.

Men så var det Kulturveka. Med i studio var Berit Junge Henriksen og dei gjekk gjennom programmet dag for dag og snakka om basar på Broderheimen, folkemusikkpub, kurs i redesign av klede, professor Ida Hydle sitt foredrag om konflikthandtering, Ho har hytte i Brokke og skulle vere der heile kulturveka.

Og så blir det grautfestival i Sæbyggjen i år også. Det er tysdag om ei veke, så folk kan alt starte å glede seg. Grautfestivalen er det bygdekvinnelaget som står for, han har erstatta suppe og rundstykke i kjellaren på Menighetshuset. Men dei har nok basar like godt på graut som på suppe, kjenner eg dei rett.

Til slutt kom Niklos med eit program med dei engelske komponistane James Wesley Willan og Herbert Howells. Her var det både orgel og korsang, og Willans  Aria og Fuge for orgel var bare heilt nydeleg. Engelsk korsang er det alt for lite av i radio, men her fekk vi ein god dose

Siri leverer, godt, variert interessant og opplysande. Å høyre på Valle radio tysdagskveldane er kultur på høgaste nivå. Då kan ein ha svart skjerm på TV og ikkje gå glipp av noko.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *