Salt

Share

I natt var det kaldt, men i grunnen var vegen nesten tørr då vi stod opp i dag, men så kom saltebilen og sidan har vegen vore våt resten av dagen. Det var så lite vind at han ikkje turka opp her ute ved kysten.

«Kjører du etter salta vegar og bilen din treng rustbehandling» heiter det i Autoservice Evje sin reklame på Valle Radio. Eg droppa å kjøre på salta vegar i dag, når ein er pensjonist, kan ein utsette det ein ikkje vil gjere i dag til ein annan dag.

Så eg fann litt arbeidslyst på Setesdalswiki og fekk skrive inn torsdagsavisa og Kulturveka 2019. Takk til Torunn Charlotte Nyberg som sendte meg ei fin liste med informasjon om arrangement og utøvrar. Det slo meg då eg heldt på med dette at Kulturveka 2019 har teke i bruk dei fleste forsamlingshus i Valle, frå Broderheimen i Oveinang til grendehuset på Helle. Kan hende var det bare grendehusa i Brokke og Oveinang som ikkje var på den lista?

Rikhaldig var programmet, som Berit Henriksen Junge sa i avisa på torsdag: Det skal vere både smalt og vidt.

Slik er det med salta vegar også. Dei kan vere både smale og vide. Fleire var det som prøvde mopedar i dag tidleg og hamna i bakken her i Mandal, men Reidun, som held seg oppdatert på slikt via nettavisa til Lindesnes Avis og andre kjelder, har ikkje høyrt om alvorlege personskadar på det som vel var årets første glatte-vegar-dag her, sjølv om dei som gjekk i bakken på mopedane sine nok var litt mørbanka då dei kom på skulen i dag.

Men om saltet misser si kraft, kva skal ein då gjere?

Dette bilete fann eg på https://radioh.no/advarer-om-glatte-veier/

Bilderesultat for saltebil

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *