Sauesjå utan sau

Share

I kveldens sending i Valle radio var Malmfrid Nyborg Homme med på telefonen for å fortelje om sauesjået i Valle som går av stabelen komande fredag frå klokka 12 og laurdag. Det blir to dagar med liv og røre i Valle, Malmfrid kunne ikkje eingong tippe kor mange folk som kom, men det kom til å bli gode tilbod i butikkane og som vanleg suppe og eplekake, potetkake på fint, for folk i Sæbyggjen, der det nok kom til å bli stinn brakke og basar med mange fine gevinstar i regi av bygdekvinnelaget, noko folk er vane med på sauesjåmarknaden.

Ja, for det er marknadsdagar utan sau, det har møndighedan bestemt, sa ho. Så får vi kalre oss utan, med husflid, handverk, skinn, bilar, snøscooter, planter, krims og krams, tivoli for ungar og truleg også vaksne. Demonstrasjon av partering av lam blir det og lam steikt i kokegrop.

Det er ei nemnd på 5-6 personar som planlegg det heile, Malmfrid var leiar, men på ingen måte den som gjorde mest etter det ho sa sjølv. I år hadde dei fått til fortetting av parkeringa og gata gjennom sentrum ko ikkje til å vere stengd.

Laurdagen skulle det vere sal av bøker frå biblioteket i Valle, der kunne folk finne godbitar til svært rimelege prisar, etter det eg høyrde på nyhetane til slutt i sendinga.

Og så skulle Setesdal Husflid lansere bok om 50 år med butikk i Valle. Dei skulle også ha utstilling av UFO, UFerdige vottar og vanter og andre strikkeplagg, eg fekk ikkje med meg kva forkortinga heilt stod for.

Om kvelden fredag skulle det vere Quiz på Nordibø Landhandel og laurdag var det sauedans på Sølvgarden for dei som ikkje var utslitne av å tråkke rundt i marknads-stresset. Lukke til med alt saman!

Sauer må ein sjå langt etter på årets sauesjå-marknad, så her resirkulerer eg ein frå bloggen for ei veke sidan:

File:Norway sheep portrait.jpg

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *