Sjakk

Share

Sjakk på NRK er god og interessant underhaldning. No er det Fisher random som gjeld, og det er ei form som ikkje er så kjent, der trekker ein korleis offiserane skal stå når spelet startar. Då kan ikkje dei som spelar førebus seg noko særleg. Dermed må dei bruke hovudet, dei kan ikkje lenger støtte seg til teori frå tradisjonell sjakk.

I den tida det var ungdomsklubb i det gamle kommunehuset i Valle, var også sjakkspel eit tilbod som nokre nytta seg av. Dei som ikkje ville ha diskotek i det store klasseromet der vi hadde vaksenopplæring for den største gruppa då eg var lærar der, kunne søke ro og fred i det lille klasseromet, det som eg også hadde som base i undervisninga mi der. Dei hadde endåtil dekrorert veggen med sjakkbrikker, og dei stod der også då eg var lærar der, heilt til ein dag elevane fann ut at dei ville ha andre fargar på veggane og difor måla dei på nytt.

Eg veit ikkje korleis sjakkinteressa er i Valle no, men i Norge har det blitt stor interesse for sjakk etter at Magnus Carlsen vann VM, så rundt om i landet har det blitt etablert sjakk-klubbar der barn og unge, men også vaksne kan spele mot kvarandre. Magnus Carlsen lanserte eit initiativ for å få fleire klubbar, det skulle visst bli så mange at dei skulle ta over det gamle og ærverdige sjakkforbundet, men det lukkast dei ikkje med, etter det eg har fortstått.

No spørst det om han lukkast betre i VM i Fisher.sjakk. Han er på heimebane, det blir arrangert på Henie-Onstad-senteret. Men han tapte første partiet og vann det andre, så får vi bruke veka til å følgje med på korleis utviklinga blir.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *