Sjakk eller radio?

Share

I kveld sleit eg litt, for eg likar å sjå på sjakk på TV og eg likar å høyre på tysdagssendinga i Valle Radio. Då vart det halvt om halvt, litt sjakk og litt radio.

Sjakken kan eg då nemne kort at når VM i Fishersjakk held fram med finale på torsdag, blir det Magnus Carlsen mot den sympatiske So frå USA, opprinneleg frå Filippinene.

I radioen var det først Damenes Aften, som det heitte i programmet. Der fekk vi først ein prat med Torill Brekke, den fekk eg bare med meg litt av, men samtalen Siri Johannessen hadde med Ida Hydle var svært interessant. Ho er både lege og sosialantropolog og var oppteken av korleis unge kan løyse konfliktar på andre måtar enn gjennom rettssaker. Konfliktråd er ei betre løysing, då kan ein møtast og finne løysingar saman om ein får hjelp. I samtalen var det også snakka om rettssalens arkitektur, der dommaren sit under skiltet av Den norske løve og slik utstrålar makt. Ved andre arkitektoniske løysingar kan kanskje konfliktar løysast på smidigare måtar, etter et eg fekk med meg.

Etter Damenes aften var det ein prat med Jens Olai Justvik, operasongaren som vart prest. Operasongarar vert pensjonistar når dei er 52 år, då er stemmen noko sliten og høver ofte ikkje så godt til operasong. Men Jens Olai Justvik har ikkje slutta å synge og fredag vil han både snakke og synge til akkompagnement av Knut Olav Uppstad.

Siste del av sendinga var først songar til Bots- og bededag og deretter eit postludium som var svært velklingande, ikkje minst sitste stykket der vi fekk høyre både orgel og kor i framføringa av Ingen vinner frem til den evige ro.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *