To byklarar i radioen

Share

I kveldens sendinghadde Siri Johannessen intervju med to byklarar. Det eine var eit intervju som Ørnulf Hasla hadde laga med Folke Nesland, munnharpesmeden som vart heidra av Norsk munnharpeforum i haust. Folke Nesland var tilsett i Bykle kommune som teknisk sjef i 36 år og stod for det meste av den store utbygginga i kommunen.

No er han pensjonist og Ørnulf møtte han i smia der han putla og smidde på munnharpe. Men det var kalt, varmen frå essa var ikkje nok til å halde varmen i den gamle bua frå 1830-talet, sjølv om han til og med hadde støypt varmekablar i golvet, så dei gjekk innomhus etter kvart og vi fekk høyre mykje om korles det var å drive med smiing som hobby. I mange år dreiv han som knivsmed, men det er mange tusen knivsmedar i Norge, så han gjekk over til å smi munnharper, det er truleg bare 4-5 som gjer det no. Knut Tveit var vel den første som tok opp tradisjonen, men han er jo gått bort.

Vi fekk høyre mykje om korleis ein må file og justere for å få klang og rett tone i munnharpene. Om ein spelar aleine, kan munnharpa vere  ustemt, men om ein skal spele saman med andre, må ho stemmast. Då stemmast ho i G, det har ein blitt samde om, elles hadde det blitt eit svært surr. På landskappleiken no er det mange som spelar munnharpe, men nokre år før Bjørgulv Straume kom i gang, var det ingen. Folke sende munnharpene til Bjørgulv for at han skulle teste dei og var takksam for konkrete tilbakemeldingar frå spelemannen.

Ikkje bare laga han munnharpene, han laga også dei fine skrina som munnharpene ligg i når dei ikkje blir brukte. Då kunne han legge inn sylvtråd i treet om dei skulle vere ekstra fine, og det lika sylvsmeden Ørnulf godt etter det eg fekk med meg. Men ikkje alle munnharpene var gode, kvar munnharpe var ulik dei andre, så det var mykje etterarbeid for å få dei til å klinge.

Det andre innslaget i kveld handla om Hans Blattmann, som er trenar for para-alpinlandslaget. Han hadde 170 reisedøgn, så han kunne ikkje vere mykje heime, og Siri fann han i Inzell, der dei var i periodar på 14 dagar og trente på snøen på ein isbre etter det eg skjøna. Men mot desember kunne dei vel finne norsk snø. Å trene folk med ulike handikap i idrett var ikkje annleis enn å trene funksjonsfriske, dei hadde same ambisiøse mål. Det måtte bare nokre tilpassingar til, så Hans Blattmann lika jobben og gledde seg når utøvarane lukkast.

I programmet Kommunen informerer hadde Siri med seg rådmann Aud Sunniva Fuhr. Det var kome nytt nummer av Bygdenytt, og det danna grunnlag for samtalen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *