Bytur

Share

I dag måtte eg til sykehuset i Kristiansand ein tur. Eg har ein kontrolltime der på mandag og då vil legen ha ein del blodprøvar. Eg har unna meg ein tur til sykehuset for å få ta dei, det er spesielt koseleg når Reidun kjører, for då set ho meg av like ved inngangen. Så kjører ho ein tur og ventar og så har vi ein triveleg tur tilbake etterpå.

Av og til er det vanskeleg å finne blodårene mine, men i dag gjekk det fort og greitt, så etter eit kvarter var eg ute att og kunne ta på heimveg,

Nå for tida er det mykje å sjå på vegen når det gjeld vegbygging. På turen innover fekk vi eit glimt av den sjølvgåande vegvalsen som var på TV denne veka. Nå stod han heilt stille, testkjøringa var sikkert over og no ventar dei på løyve til å bruke han.

På brua over E39 litt før vi kjem til Lunde såg det ut til at ein skuleklasse eller ein barnehage var på tur. Eg trur mest det er første gongen eg har sett folk på den brua.

Heller ikkje denne gongen vart vi tekne i fartskontrollen som fotoboksen held der, det ville vore rart, for bilen før oss heldt seg knapt i 70 også der det var 80, så då vi kom på motorvegen, speeda Reidun opp og kjørte forbi. På motorvegen var det no kome ei rundkøyring sidan sist, det tek til å bli mange etter kvart. Om det blir fleire uhell, slik dei snakka om i lokalsendinga på TV i kveld, veit eg ikkje, men farten går i alle fall ned.

På heimvegen gjekk det mykje raklegare. Men eg kom på at eg ville bruke nettbrettet og knipse nokre bilete medan vi kjørte, for å sjå korleis det fungerte. Det fungerte vel helst litt dårleg, men eg fanga denne holmen i Skagestadvannet og då kom eg til å tenkje på om det ikkje tidlegare var ei hytte på den holmen. No ser det ut til at om det har vore ei hytte der, så har eigaren rive den. Truleg vart det for mykje trafikkstøy for ein som ville ha fred og ro. Men no er det ikkje så lenge att, så blir det nok mykje fredelegare på heile denne strekninga.

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.