Årets ildsjel

Share

Gratulerer, Geir Daasvatn, som Årets ildsjel i Aust-Agder. Det var ein vel fortent pris, for Geir er verkeleg ei brennande sjel for Evje og Hornnes når det gjeld både idrett og mangt anna. Ikkje bare har han vedlikehald av fotballbanen på Evje, klypper den, måkar snø og eg veit ikkje kva i tillegg til trenaraktiviteten sin. Har har oppmuntrande ord til alle og spreier glede med sine mange bilete.

Ikkje minst på Setesdalswiki, der vi mest dagleg får bilete frå Geir, bilete som speglar natur og peikar på verdiar i dei indre bygder.  raust deler han også bilete med gruppa Setesdalsnytt på Facebook, mange tusen fylgjer den gruppa.

Så står han bak OpplevEvje, nettstaden som materialiserte seg i eit informasjonsbygg i sommar der turistar og tilreisande under Landsskytterstevnet 2019 kunne få informasjon om turar og ting dei kunne gjere medan dei var i Setesdal. Sanneleg var ikkje også det dugnad. Eg hugsar ein morgon vi snakka saman, men så sa Geir at vi måtte slutte, for no skulle han lage kaffi til bussjåføren som kom innom før han skulle kjøre.

Her er ein omtale i forkant av avstemminga.

Bildet fann eg på Otra IL si side på Facebook:

Bildet kan inneholde: 3 personer, folk som står, dress og natt