Novemberkveld

Share

Det mørknar og då er det godt å kunne fyre i omnen og høyre på Valle Radio. Hallvard Kjelleberg sa at når det var sending i Valle Radio skulle skjermane i heimane vere svarte. Det var dei neppe i kveld, men dei som fekk med seg sendinga i Valle Radio, fekk ein kveld som eg kanskje kan summere opp med hendigar i november som tema.

Første innslaget handla jo om noko som har vore, nemleg ein kveld om diabetes og fotpleie. Det var på Evje på måndag, og det var diabetesforeninga Iveland, Evje og Hornnes som hadde fått Lenette BeBe til ei samling på Evjeheimen. Det var visst ikkje så mange der, så Lenette fortalde litt om kor viktig det er for folk med diabetes å passe på føttene. Det kan fort utvikle seg sår under føttene om ein ikkje passar på.

Resten av kvelden handla om ting som skal skje. Først er det mållagsjubileum på Ose, Bygland skipa første mållaget på Agder i si tid, så det var naturleg å samlast der. Det er 25 mållag på Agder, kan hende flest medlemmer i Kristiansand, som har møter kvar månad og gjerne nyttar folk frå Universitetet i Agder til å ha foredrag. I Arendal er dei meir på danselinja, fortalde Eldbjørg Løwer, som er sekretær for Mållaga på Agder,, medan rundt om i bygdene er det nok færre arrangement, kan hende eit par i semesteret.

Mållagsfolka er eldsjeler, i idrettskretsen kåra dei Geir Daasvatn til Årets ildsjel i Aust-Agder, så vi tok ein prat med han og gratulerte han med prisen. Han kviler ikkje på laurbæra, 23. november går årets Setesdalsmeisterskap i barnefotball (6-12 år) av stabelen i Byglandshallen. Kim André Nomeland Thorstensen, Widar Winther, Kristine Kleiveland og Geir er komite. 35 lag er påmelde og alle får premie, fortalde Geir, som også røpa at han knapt har gått på ski sidan han var 14 år, fotballen vart hans idrett.

Vi heldt fram med framtidige arrangement, for Valle kyrkje, som vart vigsla 1. desember i 1844,feirar jubileet på dagen 175 år etter vigslinga. Den gongen var heile bygda i sving, og Astrid Nomeland håpte at heile bygda ville kome på markeringa av jubileet, som eigentleg kom til å gå over to dagar, ettersom det var tenning av jolegrana laurdagen og tog til Bygdeheimen først, før ein etter song gjekk tilbake til Sæbyggjen for samling i Kyrkjestova. Og sundagen skulle det vere gudsteneste med masse song og musikk før folk kunne gå i Sæbyggjen til middag med helsingar og kulturelle innslag også der, til og med ein konsert til slutt i samlinga.

Til slutt hadde eg ein prat med Olav K. Mosdøl, primus motor for jolemessa på Rysstad. Første messa var i 1983, han har vore med frå 1984 og er ikkje lei av å selje årer til loddkjøparar fra heile Setesdal. Laurdag er det på «an igjen.

Det var det også for Ronny Stavsholt i kveld, han hadde opi sending, men då droppa eg ut. I staden hadde eg kaffi med Reidun og ei oppsummering her heime. Eg opplevde at det hadde gått godt om ikkje heilt på skinnar.

Her har Britta Lise fanga Eivind Engberg i arbeidet med å gjere klart til sendinga

Bildet kan inneholde: folk som sitter og innendørs