Advent

Share

I morgon er det første sundag i advent. Men det verkar som om mange alt er komne i jolemodus, for ikkje bare ser ein joletre ute, folk har også teke inn joletre, Når eit slikt tre skal stå inne i 24 grader dei neste 24 dagane, er det ikkje sikker at det er så mange nåler att.

Før pynta vi til advent med lilla lys, kan hende også med ein lilla duk eller løpar. No går det direkte i den raude jolefargen. Når joletreet har stått inne i fire veker, er det lite truleg at det får vere inne til nyår, om det då ikkje er laga av plast. Fleire og fleire nyttar ei slik erstatning, då slepp ein å måtte støvsuge opp nåler.

Det har vore diskutert om ein kan gje brukte jolegåver og slik minske handlepresset til jol. Vi som er gamle tenkjer nok helst at jolegåver bør vere nye, og funderer nok meir på om vi treng å gje så veldig dyre jolegåver. Kan hende kan mjuke pakkar gå, både barn og barnebarn kan kanskje trenge noko varmt i vinterkulda og då kan ein slå to ting saman.

Men mange vil nok helst ha harde gåver, sjølv om dei har ein tendens til å fylle skap etter kvart og kan hende ikkje bli brukte så langt ut på nyåret. Då har ein nok heller støtta opp om kjøpefesten.

Adventstida skulle vere ei tid der ein førebur seg til den stor høgtida, til dømes med litt baking. Mange handlar heller jolebakst, tida strekk ikkje til for å lage dei sju sortane sjølv. Men kan hende skulle ein redusere på sortane også. Eg høyrer om folk som matar fuglane med jolebakst på nyåret, for ein maktar ikkje å ete alt i den korte joleperioden.

Sett på plata Jol med Syngjandi noko ut i adventstida og lat den ta deg tilbake til tida då det var kor i Valle som song jola inn for oss.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *