Allsidig

Share

Sendinga i Valle Radio i kveld kan ein gjerne kalle allsidig. Som vanleg starta det med kåseri av Asbjørn Kvalbein og andakt, denne gongen av han som heilt frå 1947 var knytt til Kvås folkehøgskole som lærar og rektor, Tarjei Noraberg. Det førte til at eg skreiv om han på Setesdalswiki i dag.

Deretter var det Sanger og hymner i slutten av november før Åse Rike kom i studio for å fortelje om jolemessa som Fjellblomen kvinneforening skal ha komande laurdag i Sæbyggjen. I år har dei messe for 38. gongen og Inge Flåt skal vere talar. Inntekta går til Normisjon.

I Bykle har dei ei tid hatt kulturkafe med fokus på Fjellgardane og torsdag er det første bolk i histora om turismen som skal under lupa. Då kjem Leonhard Jansen med ei utgreiing om den eldre delen i eit biletkåseri, sidan kjem Jon P. Knutsen frå UiA med eit innlegg om moderne tid og meir prinsippielle synspunkt frå ein samfunnsvitar og eg skjøna det rett.

Siri hadde også fått med seg Kjell Ove Tveiten til å seie noko om å drive med bier og om litt av kvart. Det var eit interessant innslag og Kjell Ove var oppteken av at ein må ta vare på biologisk mangfald.

Niklos K. Besteland sitt program i kveld var vigd til komponisten Joseph Rheinberger. Vi fekk høyre desse stykka av hans rikhaldige opusliste:

  1. Con moto i g-moll. Frå samlinga Sieben Trios Opus 189 nr. 4. Wolfgang Rübsahm i Fulda Dom. Naxos cd 8.557184
  2. Sonate nr. 1 i c-moll, opus 28. 1. Preludium, 2. Andante, 3.Finale. Wolfgang Rübsahm i Fulda Dom. Naxps cd 8.554212
  3. «Bleib bei uns, denn es will Abend werden». Abenlied, opus 69 nr.3 for kor a capella. Stuttgart kammerkor, dirigent Frieder Bernius. Carus cd 83.113

Men då vi kom til Kyrkjebakken, fall sendinga ut like etter at Knut Gakkestad kom i telefonen, så dermed var sendinga over for min del.

 

18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein, fra Norea
18.15 Andakt av Tarje Noraberg, fra Norea
18.30
19.10 Åse Rike med nytt om Fjellblomens jolemesse
19.30 Timen med Leif Kvinlog om Fjellgardanes historie og kulturkafe i Bykle, og Kjell Ove Tveiten om Kveste, historie og bigård
20.30 Postludium ved Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken med Knut Gakkestad på kort visitt blant annet

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *