Alvor og skjemt

Share

Kveldens sending i Valle Radio hadde både alvor og skjemt. Om vi skal ta skjemten først, så handla den om ein samtale med Tom Are Strømsvik i Hovdenrevyen. Han meinte at det ikkje vr godt nok med eit klipp på radio, for det er opplevinga og samspelet mellom humor på scenen og respons frå publikum som skapar dei store opplevingane både når det gjelde teater og amatøranes glade lokalrevy på toppen av Setesdal. Men eit lite glimt fekk vi jo, det handla om pirat-taxi og lovens lange arm og var meir enn godt nok for at den som ville ha meir humor kunne kjøpe billett.

Også Sveinung Hølmebakk var glad i humor og krydra gjerne konsertane sine med små fortellingar mellom sangane. Han har også gitt ut to vitsebøker, og både dei og CD-plater kunne ein kjøpe om ein kom på konsert i Bygland kyrkje komande laurdag. Konserten heiter Arvesang, og denne veka var siste veka med eigne konsertar før han legg ut på turne med De tre tenorer for å halde julekonsertar.

Sterkt lokalt preg hadde Torjus Åkre som fortalde om Valle kyrkje. Sjøl ein som har gått mykje i den kyrkja fekk her vite nye ting, mellom anna siterte han heile verset som er støypt inn i klokka, som for øvrig var laga av to gamle klokker som vart omstøypte då den eine var sprukken. Han funderte også på korleis altertavla kunne ha kome heilt frå Italia til Valle, gitt av ein kristiansandsmann. Då ho på 1960-talet vart sendt til Oslo for restaurering, måtte det ein stor lastebil til for å frakte henne. Tenke seg då til korleis det var lenge før lastebilane si tid!

Både dette programmet og andakten hadde Siri Johannessen funne på nettet. Andakten var ved Feda-buen Gudmund Vindskei,  han døydde i 1986, tidlegare misjonær og sidan administrator i Misjonssambandet med ansvar for Afrika.

Endeleg kom Niklos K. Besteland i studio med musikk til Helgemesse, Allehelgenssøndag som dei fleste nok seier no for tida. Der fekk vi først høyre eit av dei finaste stykka eg veit om, vi har hatt det med fleire gonger: Verleih uns Frieden av Mendelssohn før han varta opp med orgelstykke av Max Reger og Leo Sowerby. Som så ofte før hadde han også med eit stykke av Bjarne Sløgedal, denne gongen fekk vi høyre Se Guds bolig er hos menneskene med Kristiansand domkor.

Her er bildet av Valle kyrkje frå Wikipedia:

File:Valle kirke Aust-Agder.jpg

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *