Brun, men god

Share

I dag såg eg på programmet Matsjokket som handla om bananar. Eg er ikkje sikker på om eg høyrde rett, men vi kasta visst millionar av dei, bare litt brune flekkar, så vil folk ikkje ha dei, sjølv om ein kan gjere mykje med bananar som ein kanskje ikkje vil ete direkte. Å bruke dei i mat eller til smoothie går godt an, fekk vi vite.

Så såg vi korleis dei kutta opp banan og hadde noko søtt over og la på vaflar og banan på lune pannekaker såg jo ut til å vere ein god dessert. Vi hadde ikkje banan i huset i kveld, men eg fekk tak i ein pakke pannekaker til 40% rabatt på Tilbudssenteret i dag, så det vart lune pannekaker med brunost og syltetøy til kaffien i staden.

Eg kjøper gjerne varer til 40% rabatt på Tilbudsenteret her i Mandal og i dag kom eg heim med to posar, pris kr. 300. Den 200-lappen som eg fekk tilbake, gjekk til loddkjøp på Normisjons julemesse. Nokre trufaste damer sit på der på butikken og takkar hjarteleg når vi kjøper lodd. Det verkar mest som dei ikkje kan tru det er sant når nokon stoppar der.

Av det eg fann, kan eg nemne sitronmarinert laksestykke i aluminiumsform, rett i steikeomnen. I dag hadde vi blomkål til, det er vel ikkje så vanleg, men det også fann eg til sterkt rabattert pris. Jo, det er råd å finne billeg mat om ein ser etter og ikkje skal ha så lang haldbarheit på det ein kjøper.

Ettersom eg såg på Matsjokket, mista eg kva Bjørn Erling skal gjere med Valle Handel. Då eg fekk på høyretelefonane for å høyre nettradio frå Valle, handla det om Sprekleiken. Deretter kom Annemor Sundbø, ho er alltid interessant å høyre på, også for ein som ikkje spitar. Så vart klokka ni, då kom Sigrid og Sondre. Dei snakka om Folkelarm, men då vart eg oppteken med andre ting, så då var radiolyttinga slutt for min del.

Neste onsdag er det min tur til å ha onsdagssendinga. Så no får eg vel til å jakte på innslag eg kan ha då.

Bilderesultat for bananer

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *