Før kyrkjejubileet

Share

I kveld hadde Siri Johannessen fått med seg Torleiv Austad. Først hadde han andakten i radioen, deretter fortalde han frå oppvekst i Valle der far hans, Aasulv Austad, var prest under krigen. Han rekna også med å delta på jubileet sundag 1. desember.

Eg fekk ikkje med meg starten på samtalen, men det var moro å høyre han i samtale med Pål Dale. Under krigen rekvirerte tyskarane prestegarden til bustad for offiserar, fekk vi høyre. Elles hadde han gode minne frå barndomstida, der han leika med Bjug Åkre og Gudmund Åkre. Han flytta frå Valle då han var 11 år, då kom han til Sauland, så Valle-målet vart litt endra og fekk Telemark-svip.

Etter det var det Sanghalvtimen med songar som peika fram mot advent før vi fekk høyre ein samtale med Nils Einar Helland, organist frå Karmøy, som også var gjest i Postludium.

I det heile var det ein heilstøypt kveld, til oppbygging og informasjon.

Sjølv har eg i kveld halde på med ein artikkel på Wikipedia om alle ordførarane i Norge dei komande fire åra. Det er ei liste, og slike lister er det mykje arbeid med, så noko av kveldens program i radioen fekk eg nok bare med meg med eit halvt øyra, sjølv om eg hadde høyretelefonar.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *