Meir om gamle bilder

Share

Etter at eg i går la ut eit bilde av tre prestar og ein annan person, fekk eg i dag svar på kven den andre var. Helge Homme meinte i går kveld at det var Ingmar Brokka Rike, og han stadfesta det i dag. Etter kvart kom eg fram til at det var 100-årsjubileum for Valle Indremisjon i 1992 og at dette var gudsteneste i samband med jubileet.

Det var inspirerande å få respons på eit slikt bilde, så no prøver eg meg på deit nytt. Eg hugsar ikkje alle namna på dei som var kollegaer med meg då eg var lærar på Valle skule. Men kan hende du som les bloggen kan hjelpe slik at vi saman kan få namna på både lærarar og andre tilsette.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *