På loffen i USA

Share

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

I kveldens sending fekk vi vere med Johs. Bjørkeli på loffen i USA. Det er nokre år sidan no, men han slit visst ikkje med hukommelsen, slik som eg gjer når eg ved hjelp av gamle bilete prøver å finne ut kven, kva, kor, korleis og kvifor. I kveld nytta han Route 66 for å presentere eit knippe av countyrmusikk for lyttarane. eg noterte ned nokre av dei:

The Hobo Song

A little bit is better than nada

Santa Fe, Bob Dylan

Sixty six Highway Blues, Pete Seeger

The Old Lucky Diamond Hotel, Vince Gill

Against the Wind, Bob Seeger

Eg likte spesielt godt mannskoret på The Hobo Song. Truleg ikkje heilt uventa.

Elles i kveld fekk vi høyre at biblioteket har fått inn fleire biografiar, mellom andre Hareides fall, men også ein haug med andre bøker, det var mest så Kjersti Thorbjørnsen hadde problem med dei store mengdene, så det var bare for folk å kome og låne. Alt er gratis på biblioteket, vart det sagt.

Marianne Rysstad var i studio og fortalde kva planar dei har for tida framover på Sølvgarden hotell. og det var mangt og mykje.

Så kom Tarald Rike på telefonen frå Oslo og fortalde om nytt nummer av Jol i Setesdal. Det kostar 100 kroner og vil vere i handelen om vel ei veke, det er mange stader ein kan få tak i bladet,både i Setesdal og Telemark og ved kysten. Han tok oss med gjennom alle artiklane i bladet, som vart levert på trykkeriet i går.

Til slutt hadde Ole Søren Sverdrup Lund hoppa ut av traktoren og kome i studio for å fortelje om alt han driv på med når det gjeld graving og anna landbruksarbeid, til og med avløysarjobb tok han på seg, ikkje minst takka vere god inspirasjon frå Tarald Myrum, som vart æra for alt han hadde lært den unge gründeren. Han hadde endåtil fått 19-åringen til å stå på Sp-lista og sanneleg kom han inn både i kommunestyret og planutvalet, yngst av alle.

Og når han ikkje var oppteken med politikk, spelte han countrymusikk i gravemaskinen, så eg er sikker på at han likte Johs. sitt musikkprogram då han entra traktoren og køyrde heim i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *