Planlegging

Share

I dag var det tid for å fullføre planlegginga av onsdagssendinga i Valle Radio. Eg skal ha ansvaret denne onsdagen, og i går fekk eg på plass det meste. Då fekk eg med meg Lenette BeBe frå Evje, ho skal fortelje om diabetes og fotpleie og anna som ho driv på med. Eg tenkjer at det kan vere aktuelt både for folk som har diabetes og andre. Det er viktig å stelle godt med føtene.

Deretter skal Borghild Løwer seie noko om Mållaga på Agder. Både i Aust-Agder og Vest-Agder har dei jubileum i år. I vest er det 100-årsjubileum, medan laget i aust er 20 år eldre. Kan hende finn ho noko spesielt interessant frå Setesdal i arkivet. Jubileet skal vere på Ose grendehus til helga, over to dagar endåtil, men dialektseminar og jubileumsfest.

Det tredje innslaget blir ein prat med Geir Daasvatn, Årets ildsjel i Aust-Agder. Ettersom fylka blir slått saman frå nyttår, er han også den siste ildsjelen i Aust-Agder, men vi får jo håpe at det kjem eldsjeler frå aust i det nye fylket også. Men Geir vil også snakke om Setesdalsmeisterskapen i barnefotball, det er eit arrangement som skal vere på Bygland seinare i november.

Endeleg kjem Astrid Nomeland på tråden for å fortelje om Valle kyrkje som skal feire 175-årsjubielum 1. desember. Det er same dato som kyrkja vart vigsla då ho var ny i 1844 og Astrid gleder seg over at vi no har både fast prest og organist etter at det har vore mange vikarar ein periode.

Då kyrkja var 150 år, i 1994, vart det laga eit jubileumsskrift. Om du ikkje kjøpte det den gongen, kan du kanskje låne det på biblioteket. Då kan du mellom anna lese om altertavla, som er kopi av eit italiensk måleri kalla Gravlegginga, laga av ein ukjent nederlandsk kunstnar og frakta den lange vegen til Valle. Ein tilsvarande kopi kom til Røldal, og så er det fire i Danmark.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *