Politikk

Share

Eg har som skribent på Wikipedia fått eit halvt års tilgang til Retriever sitt avisarkiv. Mandag tenkte eg at eg skulle bruke tilgangen til å skrive om ein ordførar, Wikipedia likar slike biografiar. Då eg googla for å finne informasjon, kom eg over ei liste i Kommunal Rapport med alle ordførarane.

Dermed vart det i staden at eg sette i gang med å legge dette stoffet inn i nettleksikonet, som har slike lister frå 2003 til i dag. Det vart ein stor jobb, men no ligg lista der.

Undervegs tenkte eg litt på dei mange som tek eit tak for å styre kommunane våre, det er framleis over 400 kommunar i landet. I Agder var det 7 kvinner og 17 menn som vart ordførarar for komande periode. Det er ein kvinneandel på 25 prosent. Korleis kvinneandelen er i heile landet har eg ikkje teke meg tid til å rekne ut, men det slo meg at det var ganske mange kvinnenamn på lista.

Eg trur nok at der kvinner får makt i politikken, vil fokuset endrast litt over tid. Prioriteringane kan verte litt annleis enn når menn styrer. Sjølv om sakene blir førebudd av administrasjonen, så har også ordføraren eit ord med i laget av kva som skal prioriterast.

I Setesdal regionråd er det fire menn som er ordførarar. Med Inger Lise Stulien Lund frå Åseral får rådet ei kvinne, hadde Iveland vore med, hadde dei vore to. Varaordførar møter også i regionrådet, då får Inger Lise med seg Tone Lise Avdal frå Bykle og sin eigen varaordførar Gro Åsheim.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *