Prestar i Valle

Share

Bildet kan inneholde: 2 personer, folk som står og innendørs

I dag dukka det opp eit bilde frå tidleg på 1990-talet. Kan hende var det i samband med eit jubileum for Valle kyrkje, eg hugsar ikkje kva grunnen var. Men då eg la det ut på Facebook-gruppa Bilder av Bykle og Valle i gamle dager kom det fort svar på kven det var.

Setesdalswiki har artiklar om alle:

Jens Bjelland (fødd 24. september 1916 i Vestre Moland, død 3. juli 1995) var prest i Valle i 10 år frå 1957 til 1967. Han tok artium på Voss i 1938. Deretter studerte han teologi og vart cand.theol. i 1943. Etter å ha teke praktikum var han hjelpeprest i Haltdalen i Trøndelag frå 1944. Før han kom til Valle hadde han vore garnisonsprest i Nord-Norge i sju år. I 1967 vart han sokneprest i Time på Jæren. I 1946 gifta han seg med Ragnhild Bjelland, fødd Braut frå Klepp.

Trygve Nortvedt (fødd 18. juni 1910 i Bergen, død 15.juni 1995 i Kristiansand) var prest i Valle frå 1948 til 1956. Han vart student i 1929 og cand.theol i 1934. Etter praktikum var han ungdomssekretær i Det Norske Misjonsselskap (NMS), først i Skien krets og fra 1939 i Oslo krets. Valle var første soknekallet hans. Etter tenesta i Valle vart han sokneprest i Birkenes i 1956. I 1963 kom han til Grim, der han var til han vart pensjonist.

I 1939 gifta han seg med Magnhild, fødd Østbye (1909-1998), som vaks opp på Madagaskar som dotter til misjonsprest August Østbye.

Han var redaktør av Korsmerket frå 1939 til 1949 og av Årbok for Agder Bispedømme i ti år.

Nils Meidel Møll (født 6. februar 1911 i Ny-Hellesund, Søgne, død 18. april 1994) var sokneprest i Valle frå 1977 til 1981.

Møll vart student i 1929 og cand.theol. frå MF i 1937. Deretter tok han praktikum, og så vart han ordinert i 1939. Første tenesta hans var som hjelpeprest i Bygland same året som han vart ordinert. Frå 1940 til 1943 var han reiseprest i Agder, men i 1943 vart han vikarprest i Herefoss, frå 1945 konstituert sokneprest der. Frå 1948 var han eitt år vikarprest i Agder igjen, men så vart han kretssekretær i Israelsmisjonen for Sørlandet krets. Der var han i 20 år før han igjen gjekk inn i presteteneste, denne gongen som kallskapellan i Vennesla, der han var frå 1969 til 1973. I 1973 vart han sokneprest på Finnøy, som var siste tenesta han hadde før han kom til Valle. Då han slutta i Valle i 1981, vart han pensjonist.

Nils Meidel Møll var gift med Åsta Møll.

Kven som står i fremste kyrkjebenken har eg ikkje fått svar på enno.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *