Testing for Skype

Share

Ettersom eg er i Mandal og skal ha radio i morgon kveld, var det i dag testing for å kunne bruke Skype til sendinga. Sist gong eg hadde dette, prøvde vi å få det til, men måtte til slutt bruke mobiltelefon.

Men i dag var Jørund på tråden for å få det til å fungere og her fungerte det med det same. Men han ville ha testing slik at eg skulle kunne kommunisere med teknikar, ikkje bare med studio. Så det vart litt prøving fram og tilbake.

På den andre sida sat Helge Homme. Han skulle vere prøveklut for testinga, I tillegg til Jørund Georg Jore var også Eivind Engberg med. De må prate saman, sa Jørund til meg og Helge, og så gjekk praten om laust og fast. I går var det visst styremøte i radioen, der snakka dei mellom anna om korleis det skal gå med Radio Evje no når Valle Radio overtek der. Etter det eg skjøna er det ei gruppe entusiastar på Evje som vil halde fram med drifta.

Vi snakka også  om at Helge les det meste av det eg skriv på bloggen, men at han gjerne hoppar over når det blir for mykje Mandal i det eg skriv. Og det skjøner eg godt. Då eg starta å skrive blogg, var det Valle Radio som var i fokus, men etter at eg flytta til Mandal, er det også andre saker som eg ser eg kan skrive om. Truleg er det nokon som les det også.

Etter halvannan time testing fekk eg lunsjpause, Jørund sa seg nøgd med innsatsen til meg og Helge, men i kveldinga var han sanneleg på plass att slik at Britta Lise skulle få teste det nye. Det fungerte like godt då, så vi var samde om at det var gjort ein god jobb.

Og eg måtte ta eit bilete av Britta Lise i studio på min skjerm:

cof

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *